Hallvard Slettevoll, Stadt

STADT med kontrakt på eit nytt marineprosjekt for NATO-land.

Elektriske framdriftssystem for militære skip er i framvekst , og med sin patenterte STEALTH - teknologi basert på Lean Propulsion, har STADT no signert viktig kontrakt for eit nytt stort militært fartøy.

Omfang og detaljar om prosjektet vert ikkje offentleggjort no, men det er ei svært betydningsfull kontrakt, som STADT har vunne i konkurransen med langt større internasjonale konkurrentar. Eit avgjerande konkurranseførtrinn med STADT sin Lean Propulsion teknologi, er at den er støyfri på alle vis, robust, kompakt og treng ikkje kjøling. Det gir meir effekt ut til propellane, og sparer inntil 6 % energi i forhold til STADT sine konkurrentar på elektrisk framdrift . Dette betyr at skipa med STADT- teknologi vert svært miljøvenlege, med opp til ei halvering av energibruk og klimautslepp i forhold til tidlegare brukt framdriftsteknologi på militære skip.

STADT leverte i 2018 eit stort system til SAAB i Sverige, også det til militært skip. Med den nye kontrakta no, befestar STADT sin posisjon i det militære skipsmarknaden. Hallvard Slettevoll, direktør i STADT AS, trur at endå fleire forsvarskontrakter vil kome snart.

STADT merkar også stor interesse frå kommersiell shipping internasjonalt, innan eit stort spekter av skip som ynskjer ei eller anna form for miljøvenleg elektrisk framdrift. Mange av prosjekta inneheld LNG som energikjelde, gjerne kombinert med diesel og batteri. STADT levert fullt integrerte løysingar, også propellsystem i samarbeid med sine partnarar. STADT teknologien er skalerbar opp til svært høge effektar, som dekkjer propulsjonsbehovet til skip i alle størrelsar.

Vår nettside benytter cookies. Ved å forsette og bruke sidene godtar du dette. Les mer i vår cookies- og personvernerklæring

POSTADRESSE

Postboks 5250 Majorstuen
0303 Oslo

Org.Nr. 992 931 183

BESØKSADRESSE

Middelthunsgate 27
Majorstuen
0303 Oslo

KONTAKT OSS

fsi@nho.no
Tlf: 916 456 91

FSi Nyhetsbrev

Utviklet av Imaker as